top of page

Om Marte Ulltang

White and green modern Doctor Consultant Instagram Story (1).jpg

Min bakgrunn

  • Mastergrad i klinisk ernæring (M.Sc.2012)

  • Etterutdanning barneernæring (2015)

  • Etterutdanning ernæringsbehandling overvekt (2017)

  • Etterutdanning intuitivt kosthold (2019)

  • Vidareutdanning kvalitetsforbetring (2019)

  • Ledelse i helse og sosialsektoren (2019)

Eg har jobba i spesiealisthelsetenesta i 10 år, både i klinisk drift og med fag og utviklingsarbeid på systemnivå. Eg er grunnleggar og dagleg leiar av smarte matvalg som driv med ernæringsbehandling på nett og kursvirksomhet. Eg har også holdt kurs i livsstilsendring sidan 2015 med stor suksess. I 2019 kunne eg endeleg sei at eg hadde fått min eigen kursportal på nett - og i dag tilbyr eg kurs i livsstilsendring og intuitivt kosthald. 

 

Ellers er eg ei travel firebarnsmor som lever for dei små augeblikka, og set stor pris på å tilbringe tid saman med dei som betyr mest for meg. Av interesser kan eg sei at eg er over gjennomsnittet glad i fjell og norsk natur, eg seier aldri nei takk til å vere i aktivitet som gjer meg glad. Det er i aktivitet eg hentar overskudd. For avkobling likar eg å sette meg ned med strikketøy eller bake brød.

Min filosofi

Eg har ein samarbeidande tilnærming når eg jobbar med kundane mine, og erkjenner at du er eksperten på din eigen kropp og dine erfaringar. Mine råd har ikkje to strekar under seg, men eg hjelper deg med å veilede og støtte deg i riktig retning og til å få eit avslappa forhold til mat.

 

Eg er lidenskapelig oppteken av å hjelpe og støtte deg som har eit vanskeleg forhold til mat og kropp. Eg har ein lidenskap for å gi inkluderande og personsentrert omsorg for alle, og spesielt hjelpe deg som har eit anstrengt forhold til kroppen din eller har dreve med jojo-slanking og diettar i ei årrekke og opplever ei misnøye med eigen kropp og helse.

 

Utover dette har eg fagkunnskap om kostrelaterte sjukdommar, kostrådgiving for førebygging av sjukdom og ernæringsbehandling ved sjukdom.

 

Mine konsultasjonstenester omfattar kostrådgiving og tilpassing av kosthaldet til pasientar før, under og etter behandling. Eg gir råd om korleis kosthaldet kan settast saman for å dekke næringsstoffbehov ved sjukdom eller førebygging av sykdom.

 

Eg formidlar evidensbasert ernæringskunnskap og følger kliniske retningslinjer for ernæringsbehandling og mine råd og veiledning om livsstilsendring baserar seg på nasjonale retningslinjer.

bottom of page